Stein Kvalsund jobbar som programansvarleg i Sunnfjord2020. Kvar fredag skrivar han tankane sine om Sunnfjord og byen han bor i, Florø. Bloggen hans handlar om nyheiter, framdrift og utvikling av den vakreste delen av Sogn og Fjordane.
God Jul, 21.12.2010
Flora kommune som nr. 2 i NHO si kåring i NæringsNM, - for alle verksemder i kommunen er dette noko å vere verkeleg stolt av. Av 430 kommunar er verksemdene i Flora blant dei beste på nyetableringar, lønsemd, vekst og næringslivet sin storleik. Ei flott julegåve til alle som verkeleg har satsa på å skape levedyktige verksemder i denne kommunen, - ikkje minst dei som eig, driv og arbeidar i desse verksemdene. For dei som ønskjer meir informasjon om NæringsNM 2010 så les rapporten her.
Lønsame, vekstkraftige og nye verksemder treng ofte og nye medarbeidarar, så i fellesskap med både verksemder, Flora og ikringliggjande kommunar sine administrative og politiske aktørar er det no viktig å synleggjere både vår kommune og regionen som ein attraktiv plass i busetje seg i, og kvifor ikkje starte denne prosessen i samband med dei føreståande Karrieremessene i februar 2011.
Arbeidsåret 2010 har vore rikt på mange måtar, vi i Sunnfjord 2020/Flora Næringshage har jobba med svært mange spennande og utfordrande oppgåver, både bedriftsretta prosjekt, ulike former for samarbeidsprosjekt med dei andre vekstselskapa i regionen, gitt råd og rettleiing til dei som ønskjer å etablere eiga verksemd og store utviklingsprosjekt i samarbeid med Flora kommune i samband med utarbeiding av den nye sentrumsplanen for Florø.
I 2011 går Sunnfjord 2020/Flora Næringshage mot nye utfordringar i samband med oppgåver og etablering av ein Industri-inkubator Flora kommune. Industri-inkubatoren vil verte drevet som eit forretningsområde i eit nytt selskap som har fått arbeidstittelen ”Maritimt Utviklingssenter AS” . Den nye verksemda ”Maritimt Utviklingssenter AS” vil verte etablert ved at Flora Næringshage AS og det heleigde dotterselskapet Sunnfjord 2020 AS slåast saman og inkubatorens moder- og deltakarverksemder inviterast inn ved ein retta emisjon. Styret i Sunnfjord2020 AS /Flora Næringshage AS har tilsett Jan Tore Bø som ny dagleg leiar i den nye verksemda. Jan Tore Bø er 46 år. Han er i dag tilsett som administrerande direktør i Bergen Group Hanøytangen AS. Bø vil tiltre 1. februar 2011. Vi ønskjer Jan Tore velkomen i teamet.
Med eit tonefylt julekort frå Florø kyrkje vil styret og tilsette i Sunnfjord 2020/Flora Næringshage ønskje alle våre samarbeidspartar ei riktig god jul og eit framgangsrikt 2011.
Marit og Stein
Nye rammer for utvikling, 15.10.2010
Florø er i ny utvikling og i samband med dette så er og planprogrammet for den vidare byutviklinga lagt ut høyring denne hausten. Området for både verbale og fysiske utformingar kan du både sjå og gje dine tilbakemeldingar på ved å gå inn på www.sentrumsplanen.no
Fysisk utforming og design kan ha stor verknad på korleis ein oppnår merksemd i ein marknad, men og lukkast med både profilering og marknadstilgang. Nokre vellukka eksempel finn du her. Det er mange meiningar om korleis vi kan verte ”best i verden” og på dette området. Det stadig tilbakevendande tema er kunnskap, og mange forskarar har studert kva verknad kunnskap har for vidare suksesshistorier. Ein av desse er seniorforskar Atle Rotevatn ved Center for Integrated Petroleum Research Universitetet i Bergen som meinar vi bør bytte olje mot kunnskap.
Kunnskap kan ein tileigne seg på mange måtar, styreakademiet arrangerer mellom anna lunsjseminar tre ulike stadar i fylket med temaet ”Coaching i styrerommet”. Program og informasjon om påmelding finn du her. Vi minnar og om det årlege Temposeminaret som vert arrangert fredag 22.oktober på Flora samfunnshus, alltid ei kjelde til ny kunnskap og inspirasjon.
Det er mange måtar å fange merksemd på, for eigen del meinar eg at denne heimesida absolutt gjev nye tankar om olje og gassnæringa der kunst og kulturrelaterte formutrykk vert nytta på ein kreativ måte. Og skal Havvind sine intensjonar realiserast må all kunnskap, kreativitet og skaparkraft mobiliserast for å lukkast.
Med Baltasar Gracián sine ord ønsker eg god helg: ”Man bør ta fatt på en lett oppgave som om den var vanskelig og en vanskelig oppgave som om den var lett”
Vind i segla, 05.02.2010
Vindkraftforum Sogn og Fjordane satsar verkleg på å setje fylket på karten i samband med moglege utbyggingar av vindkrafta. Under mottoet; ”Vindkraft-toget går ikkje ein gong i framtida – det går no” inviterar dei til seminar og drøftingar i Måløy 2. Og 3. Mars. Meir info om program/innhald og påmelding finn du her.
Ulike verksemder i fylket nyttar no høve til å bu seg på ei nye moglege industri- og tenesteutvikling. Dette kjem mellom anna til uttrykk gjennom dei ulike karrieremessene som vert arrangert ved ei store utdanningsinstitusjonane i landet. Den første messe er gjennomført i Oslo og komande veke står Trondheim for tur. Nærare bestemt 11. Februar på Royal Garden hotell. Den neste går av stabelen 16.februar i Bergen i Grieghallen. Framtidsfylket samlar og formidlar og informasjon for både arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar i samband med desse messene. Portalen er og ein viktig marknadskanal for dei som ser for seg ei karriere og moglege nye utviklingsvegar i eit framtidsretta og utviklande fylket som Sogn og Fjordane. Nye idear og produkt kan få ny vind i segla i dette fantastiske fylket.
Det kan og vere mogleg at reiselivet på kysten får ny vind i segla gjennom arbeidet som no skal gjerast i det Strategisk rår for reiseliv der den nye konsernsjefen i Fjord1 skal delta. Vi ønskjer lukke til med arbeidet og vonar at FjordKysten og kan verte tekne med på vidare rådslagingar.
Skalering og moglege konsekvensar av vind har sitt utgangspunkt i Beauforts skala som vart utvikla av den engelske admiralen Sir Francis Beaufort tidleg på 1800 talet. Skalaen synleggjer moglege verknader ulike vindstyrkar har på land og sjø. Lat oss vone at vi unngår for mange vindar av styrke 12.
I flau vind ønskjer vi god helg.
Helsing
Stein Kvalsund
Stå på vilje, 22.01.2010
I Flora kommune finnast det mange personar som både har vilje, evne og motivasjon til å stå på for å realisere ulike planar og prosjekt. Eit eksempel på eit slikt prosjekt er etablering av eit eige byakvarium. Monica Landøy har vist ei utruleg ståpåvilje for å realisere dette prosjektet. All ære til slike personar som Monica som med sitt smittande gode humør er med på å skape meir aktivitet i kommunen.
Slike initiativ som Monica Landøy syner er kanskje ein av grunnane til at NHO Sogn og Fjordane har valt temaet ”Smartare vekst i Sogn og Fjordane” for sin årskonferanse 29.april i år.
Vi oppfordrar til medverknad, innspel og forslag til mange kreative nye produkt og tenester som og i framtida set Sogn og Fjordane på kartet.
Eit område som er grunnlag for framtidig vekst og utvikling er havbrukssektoren, kanskje kan du finne inspirasjon spennande aktørar i samband med gjennomføringa av ”Havbrukskonferansen” som finn stad i Florø 4. mars på Flora samfunnshus. Invitasjon og program finn du her.
Treng du fagleg påfyll er det og mogleg å melde seg på eit todelt kurs innan ”skattenytt” og styrearbeid. Kurset finn stad i Flora Næringshage sine lokale 16. februar frå kl. 14:00 – 18:00. Meir informasjon her.
Stå på for eit kreativt og nyskapande 2010 og ha ei riktig god helg.
Helsing
Stein Kvalsund


