Januar 2012
M T O T F L S
            1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31          

gøym event

Flora Næringshage

Flora Næringshage er ein viktig part i arbeidet med å utvikle næringslivet i Flora Kommune. Gjennom prosjektarbeid og kontorfellesskap er Næringshagen med på å skape vekst og knopskyting i kommunen.

Flora Næringshage er ei samlokalisering av små, kunnskapsintensive verksemder. Saman skapar verksemdene eit profesjonelt, fagleg og sosialt miljø som bidrar til vekst hos dei ulike selskapa. Med ei samling av fleire små verksemder stimulerer Næringshagen til nettverksbygging og kompetanseheving. Når du leiger kontor i Næringshagen får du ikkje berre eit kontor, men eit fellesskap og ein god infrastruktur. Det er desse elementa som kjenneteiknar Næringshagen som heilskap.

Flora Næringshage har etablert fleire gode nettverk med sentrale aktørar. Ein kan til dømes nemne SIVA, Innovasjon Norge, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Bedriftsnettverket. Som ein del av Næringshagen kan verksemdene nytte desse nettverka.

Prosjektarbeid er også ein viktig del av oppgåvene til Næringshagen. Gjennom ulike typar prosjekt stimulerer verksemda til auka etableringar av nye verksemder i Flora Kommune, samt at ein bidrar til vidare utvikling av eksisterande verksemder. For meir informasjon om dei ulike prosjekta gå til Næringsportalen og vidare til Prosjekt.

Flora Næringshage er ein del av Fjord Inkubator, og har kontorplass til gründerar og nystarta verksemder som er tatt opp i Inkubator- programmet. Ein Inkubator skal danne eit godt vekstmiljø for nye verksemder ved at dei får tilgang til kompetanse, nettverk og rådgjeving. Fjord Inkubator skal med andre ord gi liv til gode, innovative idear.