Februar 2012
M T O T F L S
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29        

gøym event

Sunnfjord 2020

Sunnfjord 2020 AS er eit selskap som jobbar med å utvikle næringslivet i Flora Kommune. Verksemda jobbar med ulike typar prosjekt som skal bidra til vekt og utvikling i næringslivet. Målet med arbeidet til Sunnfjord 2020 er å få på plass ein meir robust næringsstruktur. Det vil si at ein får ein meir differensiert samansetjing av verksemder, og at ein har ein god balanse mellom store og små verksemder. Det vil vere viktig å ha solide verksemder med god inntening. Vidare må ein heile tida vere innovative og nyskapande. Sunnfjord 2020 AS jobbar også med regional utvikling i samarbeid med andre utviklingsaktørar. Gjennom dette arbeidet ønskjer ein å skape ein meir samla region, og ein slik utvikling vil danne grunnlag for fleire spesialiserte tenester. Utvikling av regionen vil vere viktig for å auke tilflytting og etablering av nye verksemder.

Utviklingsarbeidet til Sunnfjord 2020 AS er langsiktig og det kan ta tid før ein ser den fulle effekten av arbeidet. Ein kan i dag sjå at ein har hatt ein positiv utvikling når det kjem til etablering av nye verksemder, og ein forventar at utviklinga held fram i tida som kjem.