Etablering av eiga verksemd
Har du ein idé? Har du ein drøm om å starte eiga verksemd, men veit kanskje ikkje korleis du skal gå fram?
Ein av oppgåvene til Flora Næringshage og Sunnfjord 2020 er å hjelpe etablerarar på rett veg. Verksemdene tilbyr rådgjeving og rettleiing til alle som ønskjer å starte eiga verksemd. Flora Næringshage og Sunnfjord 2020 kan bistå deg i utviklinga av ein forretningsplan, gjev råd i samband med utfylling av ulike skjema og bistå med utfylling av søknadar om midlar til etableringar. Gjennom eit bredt kontaktnettverk kan vi hjelpe med å opprette kontakt med andre næringsaktørar i fylket og lokalt i Flora.
Linker:


